Prolog
3. april 2012 - 09:14:57 Prolog ved Søskenbarn-og tremenningstreff for Kleivelandsslekta 17.09.2011, av Åsta Refsdal 1.Vel møtt igjen, slektning og venn- ikkje til gravferd denne gong, men samling til mimring, prating og song. 2.Lenge kvar gjekk og tenkte med seg om ikkje eit slektstreff var mogeleg. Men åra dei gjekk, og somme fall bort. No måtte sanneleg noko bli gjort ! 3.I Danne si gravferd vart tanken til avgjerd. Kirsten tok roret, var slett ikkje forferd: ”No set me oss føre god planlegging å gjøre!” Komitè vart nedsett med dato og klokkeslett. 4.Linda tok jobben med økonomi, og Åsta skull’ freista få orda på gli. Rønnaug vill’ alle ting ha inn på data, Og Harald skull’ syngja og elles prata. 5.So sit me då her kring haustpynta bord. Me helsar og klemmer og deler ut godord. Me veit om kvart syskinbarn,kjenner dei fleste, men på neste generasjon lyt me granskarblikk feste. 6.Svært glade me er at tante Jenny me ser ! Vårt bindeledd til mødre og fedre ho er. Om kroppen er sliten,er tanken klar. Ven er ho framleis, ho livsgnisten har. 7.Og slektning Aud i frå Eikeland me også gledest å ta i hand. Mange minnest med glede stor hyggestunder kring Eikelandsbord ! 8.Elisabet, oldemor,kom derifrå, og Ingeborg,mora,var ofte å sjå på sti over fjellet til Bakkane med godsaker både til folk og fé. 9.Våre besteforeldre me minnest i dag. Karoline og Martinius i 1902 slo lag. Frå fyrst av dei pakta ein gard inn på Lid. Der hadde dei visstnok si beste tid. 10.Her kom fleire av borna til. Fred i heimen, og tonen var mild. Men amerikafarar tok att sin gard, for paktarfolket vart bakken bar. 11.Til Askildneset no huslyden for- til fedregarden der inne i fjord. Med kårfolka under det same tak, slitet var tungt, og trivnad bort rak. 12.Med båten som einaste band til omverda, ho bestemor vantreivst, fekk mykje å gjera med gardsdrift og born som kom etter tur. Umogeleg jamnt å få seg ein lur. 13.Bestemor leid og attpåtil sørgde: to jenter var alt til grava førde. Vaksne born tok no hand om mor si og flytta til Bakkane i 1929. 14.Her budde frå før Lisbeth og Hjalmar. Dei vyrdsla jord,og frå stova lydde salmar. Med Kleivelands-flikken kom liv i stove. Det krydde av folk båd’ i hus og låve. 15.Bestemor fekk ikkje nett kvile hender. Byfolk og slekt kom i fleire vender. Dei hjelpte vel til i onner og slikt, men mat på bordet var bestemors plikt. 16.Snart Alfen til Anna vart del av flokken. Meir leistar laut spøtast, og tidt gjekk rokken. Trass travel kvardag dei lukka hadde. Når søndagen kom, dei i Bibelen bladde. 17.Og borna vaks til om kåra var trange- vene jenter, og gutane lange. Sterke gener, og børa var lett; mannevit mykje, rett og slett. 18.Dei fleste sin dont fann på Noregs jord, men tre over dam til Amerika for. Vel dei seg skikka og tente sitt brød. Alle vart gifte og leid inga nød. 19.Og etterkomarar kom som på snor. Av dessen no sessa er kring vårt bord: frå nord og frå syd, frå aust og frå vest- forventningsfulle til gjensynsfest ! 20.Me besteforeldra har klårt i minne- ansiktstrekka sit fast i sinnet: Ho bestemor smiler og ler og grin, sit fjelga og rakkjemd i stolen sin. 21.Ho nynner ein salme, les litt i Boka, nøstar opp garn og løyser opp flokar. Og kjem der eit barnebarn på fang, får stemma ein aldeles kjærleg klang! 22.Med glede me tenkjer på denne tida: Livet var sorglaust, slett ingen kvida. Mor var på plass i kjøkenkrå, så bestemor kunne sitt opphald få- 23.Snart hjå den eine og snart hjå den andre ho rundt om til borna stadig fekk vandre. -Ei vekes tid her, ei anna der. Ho store og små med nærveret gler ! 24.Men, mest ho stansa nede i Støa der Jenny hadde si stor møda med to små born som sjuke var. Ho bestemor letta den børa ho bar. 25.Og midt i leia som heimen låg, ho etterkomarar stadig såg. Her vart dei hyste,fekk mette god. For dette me takkar sjølvfolket no ! 26.Frå Haugesund og frå Espeland, i Støa styrkte dei slektskapsband. Når amerikafolket fekk heimlengt stor, dei sessa seg alle kring Jenny sitt bord ! 27.Bestefar budd’ ei tid att inni fjord før han til Kviste på Radøy for. Her levde han saman med slekta si før han til Holmeknappen fekk båten på glid. 28.Ein sjøulk han var og heldt fram med å vera. Landjordsarbeid var slutt med å gjera. Med fisk i fjorden og båt i stø, han hadde det bra og leid inga nød. 29.Vart tilværet einsamt og dagane lange, han tok seg turar til borna mange. Til Isdalstø og til Fammestad, der barnebarna han møtte glad. 30.Han skjemta og tulla,var ikkje sur når han fekk seg snus og ein dagleg lur. Eg ser han ein dag til Nævdal koma, med smil om munn og perler i lomma. 31.Eg fekk fleire, og ei var rett stor. Ho sett vart i ring etter bestemor (Nævdal). Eg vaktar den vel i smykkeskrin. ein gong i mellom på fingen den skin ! 32.Ja,tida renn nett som elv mot fjord, me fortida minnest, vår far, vår mor. Me syskinborn byrjar no sjølve bli gamle, og trådar attende det hastar å samle. 33.La etterslekta få innblikk i tilvære levd i ei heilt anna tid. Utan stønad og barnetrygd vart born til vaksne i by og bygd ! 34.Dei dyrka jord utan store ord med gudstru attåt og nøysemd stor. Me haustar frukta frå denne gjerd. Lat oss då visa me er den verd !
Velkomen! | Welcome!
19. september 2011 - 18:52:04 Bildedeling finn du på http://filer.musikkogmedia.no På denne nettsida samlar me slektsopplysningar for etterkomarar av Martinus og Karolina Kleiveland. Dersom du er ein etterkomar av desse er du med dette oppfordra til å oppretta ein konto på denne nettsida (sjå til høgre). På den måten kan du enkelt få oversikt over slekta. Det er berre innlogga brukarar som får tilgang til data om nolevande slektningar. Det er veldig fint om du kan hjelpa oss å leggja inn og oppdatera data i dette slektstreet. Då må du oppretta ein konto, og deretter senda oss ei melding (sjå nedst på sida) slik at du får rettar til å gjera oppdateringar. On this web-site we collect genealogy information for descendants after Martinus and Karolina Kleiveland. If you're one of these you're hereby challenged to create an account (look to the right). In this way you can easily get an overview over the family. Only logged-in users will get access to currently living relatives. We would also appreciate help to add and update information in this family tree. You will then need to create an account, and then send us a message in the contact form (page bottom) so that we can provide you the privileges.
Slekta etter Martinus og Karolina Kleiveland
Denne slektsfila (GEDCOM) ble laget med PhpGedView 4.2.4 stable den 20. januar 2011
Mest brukte etternavn KLEIVELAND
21. mai 2012 - 02:49:53 Antall treff:
Fant ingen hendelser for i dag.
|


Nævdal-slekta
26
25

